Alle som har meiningar om saka, kan sende uttale innan 16. januar 2025. NVE vil halde folkemøte i samband med høyringa. Tid og stad for desse folkemøta vil bli annonsert seinare. Grunneigarar blir kontakta.

Meldingane gjer ei overordna beskriving av Statnett sine planar og forslag til kva konsekvensutgreiingar dei meiner må gjennomførast før det kan søkjast om konsesjon. Føremålet med meldingane er å gje dei som kan bli påverka av tiltaket informasjon om planane, samtidig som desse får høve til å komme med fråsegn og innspel til kva som bør greiast ut vidare.

Dei tre meldingane er tilgjengelege på NVEs internettsider, der du også finn skjema for å gje høyringsinnspel. Høyringsfråsegner kan også sendast via e-post til nve@nve.no eller brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo.

Spørsmål om Statnett sine planar kan rettast til prosjektdirektør Kenneth Teigenes, tlf. 45 02 27 27, e-post kenneth.teigenes@statnett.no eller senior kommunikasjonsrådgjevar Marianne Veggeberg, tlf. 95 09 53 12, e-post marianne.veggeberg@statnett.no.

Opplysningar om NVEs sakshandsaming kan fåast ved å kontakte NVE på e-post: nettkonsesjoner@nve.no